19. juli 2010

Frykta for å redde

Her publiserer jeg en tekst jeg skreiv på nynorsk-tentamen en gang. 

Eg spring

Det er kaldt og mørkt. Slik har det vore i lange tidar. Eg hugsar ikkje lyset. Ikkje varmen heller. Men eg veit at dei ein gong var. Eg veit at dei fanst i eit lite hus som var mitt alt. Ein varm peis med raude flammer. Ein tryggleik eg aldri fant nokon annan plass.


Spring frå frykta

Eg hadde energi før. Energi til å skrive, syngje, danse, le. Å le. Korleis var det? Kva for ein kjensle var det? Eg trur ho var god. Varm. Ein gong. Men eg vakna. Eg såg. Då vart det umuleg å sove igjen. Eg skulle ønske eg aldri vakna. Eg vil gløyme.

Spring frå dei store orda

Eg kjenner kulda. Og mørket. Dei store smila og den enorme interessa. Hos alle. For alt. Interessa som aldri rakk lenger enn samtala ut. Eg hugser korleis to samtalepartnarar kunne engasjere seg i samtala men ikkje i temaet. Tankane som berre vart tenkt (om dei i det hele tatt vart det). Velgjerda som alle tok del i. TV-aksjonen som det var syndig å ikkje gi pengar til. Og pelskåpene og plastma-TV-ane som alle måtte ha.

Eg kan ikkje stanse.

Butikkar, bilar, menneske, jobbar, kinopremierar, TV-program, sydenferiar, russefeiringar... Eg har sett alt saman. Opplevd det. Eg kan ikkje gå tilbake. Slik det ser ut no, er verda for stor. Og allikevel for lita. Eg kan ikkje sjå heile og heller ikkje få plass. Eg kan ikkje bere tyngda. Kjensla av kor stor han er, og kor lita han eigentlig er. Kor kort vi har komme og kor mykje vi har gjort. Eg held ikkje ut.

Eg kan ikkje gi opp

Eg er framand. Annleis. Eg ser. Eg har sett. Eg har forstått. Marerittet verda har blitt. Eg kan ikkje bu her. Eg kan ikkje godta kva verda har blitt. Eg kan ikkje vere ein del av ho. Ikkje slik ho er no. Eg må kome meg bort.

Eg har sprunge
lenge.

Kjensla av å vere i ro er ukjent. Det var ho ikkje før. Då var ho kjent og trygg. Eg trur ho var fin. Då visste eg ikkje korleis det var å frykte. Eg trur eg sov. Eg hugsar ikkje. Om eg skulle førestelle meg korleis det var, trur eg at eg må stanse. Eg har ikkje overskot til å klare det no. Ikkje når eg er redd.

No er eg sliten
Eg har ikkje komme nokon plass
Tida har gått og eg
står framleis

Mørket har blitt ein del av meg. Eg frys. Eg smiler ikkje meir. Eg håpar ikkje meir. Verda rundt meg er framleis kald. Eg har sprunge og sprunge, men verda blir ikkje varmare. Verda blir ikkje lysare. Eg kjenner meg gammel. Og tafatt. Eg gjer ingenting. Eg sitt stille i ein stol og hatar. Kva for ein hjelp er det i det?

stille

Eg høyrer stemmene deira. Eg ser smilane deira. Korleis dei smittar over på verda rundt. Korleis dei speglar oss. Når eg tittar ned i lommeboka mi, ser eg pengar. Eg er ein av dem. Eg har ikkje flykta. Eg kan ikkje flykte. Kva enn eg gjer, eg kan ikkje gjere noko. Ikkje noko anna enn å prøve å forandre. For eg har sett, eg har forstått. Eg veit kva dei store orda og dei mange smilane tyder. Eg kan ikkje vere aleine. Det er nøydd til å vere andre som har sett også. Unik kan eg ikkje vere. Eg må finne, eg må spørre, eg må samle. Vi må samle. Forandre. Gjere alt vi kan for å endre. Endre på det vi ikkje er nøgde med. Om eg ikkje kan forandre, då treng eg ikkje vere her. Då treng ikkje verda meg.

Eg trur det er på tide
å stanse.


Frykta for å redde

Eg spring
Spring frå frykta
Spring frå dei store ord

Eg kan ikkje stanse
Eg kan ikkje gi opp

Eg har sprunge
lenge
No er eg sliten
Eg har ikkje komme nokon plass
Tida har gått og eg
står framleis
stille

Eg trur det er på tide
å stanse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar